Forordet til Milton, med teksten til «And did those feet in ancient time», i Blake si kolorerte utgåve
«And did those feet in ancient time» er eit kort dikt av William Blake i forordet til hans episke dikt Milton, a Poem. Diktet vart trykt kring 1808.[1] I dag er han best kjend som hymnen «Jerusalem», med musikk skriven av sir Hubert Parry i 1916.
Songen blei populær i England på 1900-talet, og er blitt kalla ein uoffisiell nasjonalsong. Han er blitt brukt som symbol for England ved ulike idrettstilstellingar, som rugby, cricket[2] og i Commonwealth Games.[3]
I 2006 la det konservative parlamentsmedlemmet Daniel Kawczynski fram eit forslag for Det britiske parlamentet om at songen skulle gjerast til nasjonalsong. Forslaget blei ikkje vedteke.[4]
↑Cox, Michael, editor, The Concise Oxford Chronology of English Literature, «1808», p 289, Oxford University Press, 2004, ISBN 0-19-860634-6
↑«Correspondence». UK: Anthem 4 England. 8 May 2007. Arkivert frå originalen 20. juli 2011. Henta 29 April 2011.