Plateselskap

Eit plateselskap er eit selskap som spesialiserer seg på produksjon, distribusjon og promotering av musikk- og videoopptak på ulike format, i hovudsak på CD, LP, DVD, SACD og tidlegare kassett.

Eit plateselskap kan vere, eller vere del av, eit stort, internasjonalt underhaldningskonsern, og vil då grunna marknadsføringa ofte operera med fleire platemerke, eller labelar etter det engelske «record label». Eit plateselskap kan òg vere eit mindre, uavhengig firma - då ofte med distribusjonsavtale med eit av dei store selskapa.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne