1900-talet

Alfred Nobel oppretta Nobelprisen.

1900-talet vart eit hundreår der det skjedde store endringar på mange område. Mange menneske fekk endra levesettet sitt som resultat av teknologisk, medisinsk, sosial, ideologisk og politisk fornying på godt og vondt. Termar som ideologi, verdskrig, folkemord og atomkrig kom i bruk.

Den overoptimistiske framstegstrua i starten av hundreåret fekk ein knekk med første verdskrigen, som av mange blei sett på som eit sivilisasjonssamanbrot. Dei totalitære ideologiane fascisme, nazisme og kommunisme oppstod òg i kjølvatnet av og delvis som resultat av første verdskrigen. Nazismen førte verda ut i ein ny og enda verre verdskrig nokre år seinare, og prøvde å utrydde heilt dei europeiske jødane og sigøynarane i Shoah/Holacaust. På den andre sida bidrog begge verdskrigane til auka forståing for likestilling mellom kjønna og utbygging av velferdsstaten og ein meir regulert økonomi i delar av verda.

Relativitetsteorien og kvantefysikken endra det vitskaplege synet på verda drastisk, og fekk vitskapsfolk til å innsjå at universet er mykje meir innvikla enn dei hadde trudd før.

Aukande vitskapleg forståing, betre kommunikasjonar og raskare transport endra verda raskare enn nokon gong før. Det var eit hundreår som begynte med dampskip og enda med romskip. Hestar, bruka til transport i tusenvis av år, blei erstatta med bilar i løpet av nokre tiår. Dette blei mogleg på grunn av storskala utnytting av petroleumsressursane, som betydde store mengder energi i lett transportabel og oppbevaringsvennleg flytande form, men som samtidig har ført til utbreidd uro om ureining og global oppvarming med store skadeverknader på klimaet og miljøet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne