1968

< 1968 >

1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970
Mekiskanske studentar jublar rundt ein utbrent buss 28. juli 1968.
Foto: Marcel·lí Perelló
Richard Nixon under valkampen til neste års presidentval, som han skulle vinna.
Foto: Oliver F. Atkins
Fredeleg opptog under nasjonaldagen i Singapore med folk frå People's Association, ein organisasjon tufta for å fremja samfunnsånd.
Foto: Lama Jey Tsong Kapa

1968 i den gregorianske kalenderen var eit skotår som byrja på ein måndag. Året er kjend for ei rekke dramatiske hendingar med bakgrunn i maktkampar mellom ulike krefter og ideologiar. 1968 er blitt kalla «året då allting hende», og er blitt ståande som eit symbol på den motkulturelle ungdomsrørsla frå denne tida, som ofte blir kalla «1968-generasjonen». Ulike krav om fridom og folkestyre prega land over heile verda, og mange venta seg store endringar gjennom ein verdsomspennande revolusjon.

Våren 1968 fann det stad studentopprør i ei rekkje land, der det best kjende fann stad i Paris i mai. Sosialisme var særs utbreidd blant intellektuelle, og ei ny, «andre bølgje» av kvinnerørsla gjorde seg gjeldande dette året. Samstundes fekk voksteren av radikale idear motsvar av mellom anna det republikanske partiet i USA, som hevda å tala for ein «taus majoritet», og konservative politikarar som franske gaullistar og britiske Enoch Powell.[1]

Dette året bevega Tsjekkoslovakia seg vekk frå sovjetisk innverknad i det som blei kalla prahavåren, men blei seinare på året invadert av andre warszawapaktland.

USA opplevde skjelsetjande politiske omveltingar og valdshandlingar. Dette året blei borgarrettsleiaren Martin Luther King jr. og presidentkandidaten Robert F. Kennedy drepne i attentat. Landet gjekk gjennom uro som raseopptøyar og demonstrasjonar mot vietnamkrigen, som var i ferd med å mista folkestøtte. Demokratane sitt presidentnominasjonsmøte i august dette året blei råka av uro både innan partiet og ute i gatene i Chicago. Partiet orienterte seg mot venstresida, medan republikanarane vann veljarar gjennom å appellera til «det tause fleirtalet», som var imot mange av dei radikale endringane opprørarane stod for.[2]

Medan liknande frigjeringskampar, folkeoppreistar og motkulturelle hendingar også fann stad i åra rundt 1968, er 1968 med sine kontrastar mellom framtidshåp og vonbrot, fredsretorikk og vald blitt ståande som eit høgdepunkt, på godt og vondt, frå dei alternative 1960-åra. Kampsakene frå 1968 prega ettertida, og skiljelinene finst framleis innan seinare politikk.[3],[4]

  1. John Harris: «I wasn't born in 1968 - but I yearn for its dizzying spirit»
  2. Lexingtion: «The 40-year itch» i The Economist, Jan 3rd 2008
  3. 1968: The Year That Changed Everything Arkivert 2008-04-08 ved Wayback Machine. i Newsweek, Nov 19, 2007
  4. Supertirsdagens historiske valg i Telemarksavisa

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne