Afghanistan

جمهوری اسلامی افغانستان
(dari, Jamhūrī-ye Islāmī-ye Afġānistān)

د افغانستان اسلامي جمهوریت
(pasjto, De Afġānistān Islāmī Jomhoriyat) Den islamske republikken Afghanistan

(norsk: Afghanistan, afghansk)

Det afghanske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Milli Surood»
Geografisk plassering av Afghanistan
Offisielle språk Pasjto og dari
Hovudstad Kabul
Styresett
Leiar
Islamsk republikk
omstridd
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
652 230 km² (40.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
34 124 811 (40.)
52,3 /km² (127.)
Sjølvstende
frå Det britiske imperiet
1919
Nasjonaldag 19. august
BNP
 – Totalt (2005)
 
63 857 mill. USD (68.)
Valuta Afghani
Tidssone UTC+4,30
Telefonkode +670
Toppnivådomene .af


Afghanistan er eit land på grensa mellom Sentral-Asia og Sør-Asia. Det grensar til Pakistan, Iran, Turkmenistan, Usbekistan, Tadsjikistan og Kina. Afghanistan er ein innlandsstat, og størstedelen av landet er vanskeleg tilgjengelege fjellområde.

Flagget brukt av Taliban etter at dei kapra makta i 2021. Flagget vart òg brukt då dei sat ved makta frå 1996-2001.

Afghanistan er eit fleiretnisk land som har vore gjennomfartsåre både for fleire handelsruter mellom Asia og Europa/Midtausten, og for ulike erobrarar. Landet fekk si noverande utforming på 1800-talet, då det blei prega av russisk og britisk rivalisering i området. Sidan midten av 1900-talet har stoda i landet vore uroleg, med mange maktbytte og fleire tiår med krig. Afghanistan blei okkupert av Sovjetunionen i 1979 og av ein koalisjon leidd av USA i 2001. Samstundes har ulike grupperingar i landet kjempa mot kvarandre.[1] Sidan den 15. august 2021 har Afghanistan vorte styrt av Taliban etter eit maktkupp, etter at NATO trakk seg ut, og den afghanske regjeringa kollapsa.[2]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Britannica
  2. «Taliban sweep into Afghan capital after government collapses», AP NEWS (på engelsk), 15. august 2021, henta 28. september 2022 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne