Agder fylke

«Agder» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Agder (fleirtyding).
Agder fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Del av Sørlandet
Adm.senter Kristiansand
Areal 16 434 km²
 •  land 15 059 km²
 •  vatn 1 375 km²
Folketal 319 850  (1. januar 2024)
Folketettleik 21 / km²
Fylkesordførar Arne Thomassen (H)
Fylkesnummer 42
Kart
Agder fylke
58°08′48″N 7°59′44″E / 58.146694444444°N 7.9956111111111°E / 58.146694444444; 7.9956111111111
Wikimedia Commons: Agder
Nettstad: www.agderfk.no

Agder er eit fylke sør i Noreg. Det blei oppretta 1. januar 2020 som ei samanslutning av fylka Aust-Agder og Vest-Agder. Administrasjonen i fylket er lagt til Kristiansand, medan fylkesmannen og fagadministrasjonane under fylkesmannsembetet har sete i Arendal.

Agder er det sørlegaste fylket i Noreg. Det består i aust av Skagerrak-kysten frå Gjernestangen aust for Risør til Lindesnes og vidare vestover Nordsjø-kysten til munningen av Sireåna. Noregs sørlegaste punkt, skjeret Pysen, ligg i Agder søraust for Mandal. Det sørlegaste punktet på fastlandet ligg ytst på Lindesnes-halvøya. Innanfor kysten er Agder prega av område med skog, dal og hei, som i nord går over i høgfjellsområde. Fylket grensar i nordaust og aust til Telemark og i nordvest og vest til Rogaland.

Namnet Agder (norrønt Agðir eller Egðafylki) har uviss tyding. Det kan vere ei avleiing av ǫgd, «vere skarp». Namnet skulle då tyde 'landet som stikk ut i havet’. Etter ei anna oppfatning heng namnet saman med norrønt agi, «sjøgang». I så fall tyder namnet «landet ved det urolege havet». Folket i Agder blir kalla egd, norrønt egð i eintal, og egder, norrønt egðir, i fleirtal.

Fylkesvåpenet er ei gullfarga eik på djup raud bakgrunn. Dette er basert på fylkesvåpena til dei to tidlegare fylka. Motivet er frå fylkesvåpenet til Vest-Agder, som hadde eit gult eiketre på grøn botn, medan fargane er frå fylkesvåpenet til Aust-Agder, som hadde to horisontale gullbjelkar på djup raud botn. Eiketreet, motivet til Vest-Agder, er eit typisk treslag i Agder, og bjelkane i fylkesvåpenet til Aust-Agder symboliserer den tradisjonelle trelasthandelen i fylket, særleg med furu.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne