Antonio Vivaldi

Antonio Vivaldi

Koparstikk, F.M. de La Cave (1725)
Fødd4. mars 1678
FødestadVenezia
Død28. juli 1741 (63 år)
DødsstadWien
FødenamnAntonio Lucio Vivaldi
AliasIl Prete Rosso («den raude presten»)
OpphavRepublikken Venezia
PeriodeBarokken
Aktiv1685-1741
SjangerKammermusikk, solokonsert
Instrumentfiolin
Verka somKomponist og fiolinist
MorCamilla Calicchio
FarGiovanni Battista Vivaldi
Signaturen til Vivaldi

Antonio Lucio Vivaldi (fødd 4. mars 1678 i Venezia, død 28. juli 1741 i Wien) var ein italiensk[1] komponist, fiolinist og katolsk prest.

I vår tid vert Vivaldi rekna som ein av dei viktigaste komponistane frå barokken, og som hovudskaparen av solokonserten, ein sjanger Arcangelo Corelli starta. I si eiga tid var Vivaldi ein av dei mest kjende fiolinvirtuosane i Italia.

Musikken til Vivaldi fekk stor påverknad over heile Europa, og Johann Sebastian Bach arrangerte og transkriberte meir musikk av Vivaldi enn av nokon annan komponist. Vivaldi var særleg aktiv innan opera og instrumentalmusikk, spesielt musikk for fiolin. Han skreiv mange konserter, sonatar, operaer, i tillegg til kyrkjemusikk, og var stolt av å kunne komponere ein konsert raskare enn nokre klarte å kopiere den etter han.[2]

Presteyrket og eit karakteristisk raudt hår gav han namnet il Prete rosso («den raude presten»). Som tilfellet var for mange komponistar på 1700-talet vart både musikken og namnet hans fort gløymt etter han døydde. Først etter at J.S. Bach var vorte gjenoppdaga på 1800-talet vart det ei viss interesse for Vivaldi blant musikkvitarar, men den verkeleg heideren kom på første halvdel av 1900-talet.

Mange av komposisjonane til Vivaldi er livsglade og leikne, og meint for det breie publikumet. Fiolinkonsertane «Dei fire årstidene» høyrer til blant dei mest populære komposisjonane i den klassiske musikken.

Vivaldi vert rekna som ein av dei komponistane som førte barokkmusikken inn i ei retning som seinare utvikla seg til den klassiske stilen.

  1. For å gjere det enkelt vert Vivaldi ofte kalla italiensk, men Republikken Venezia var på tida til Vivaldi ein sjølvstendig stat. Italia vart ikkje samla før i 1861
  2. «Je l’ai ouï se faire fort de composer un concerto, avec toutes ses parties, plus promptement qu’un copiste ne le pourrait copier.», gjeve att etter Charles de Brosses i hans brev 29. august 1739 til M. de Blancey, ein av Lettres familières écrites d’Italie en 1739 et 1740.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne