Arna

Gulfjellet, det høgste fjellet i Bergen, ligg i Arna
Kart over bydelane i Bergen.

Arna er ein bydel i Bergen kommune. Arna vart oppretta som eigen kommune frå 1964, og gjekk inn i Bergen kommune i 1972. Før 1964 var Arna ein del av Haus kommune, som òg omfatta ein stor del av Osterøy.

Arna kjem kanskje av «arinn», som tyder «skjer» og viser til dei to skjera som ligg ved Holmen, midt i Arnavågen, eller av «arn» som tyder ørn. Det er også hevda at Arna er eit gammalt elvenamn som tyder ‘den strøymande’.[1] Namnet er først nemnt i striden mellom baglarar og birkebeinarar på 1200-talet, og då som «Arnarfyrdhi».Mal:Treng referans Frå gammalt av er namnet brukt i «Arna skipreide», eit område som femna om fastlandet mellom Stamnes i Vaksdal og Sandviken i Bergen, og ein del av Osterøy. Denne inndelinga varte ved fram til formannskapslovene kom på byrjinga av 1800-talet. Ådna er den nedervde, tradisjonelle uttalemåten av namnet Arna, det finst i dag att i bl.a. namna Ådnavegen, Ådnamarka, Ådnatun og Ådnanipa.

Ei grov inndeling av Arna er dei fem delane Ytre Arna, Indre Arna, Lone, Garnes og Skyggestrand. Lone er blitt eit nytt senter i krinsen som også omfattar dei gamle bygdene Haukeland, Unneland, Espeland og Fjellgardane. Ved sida av sentera i Indre og Ytre Arna finn vi bl.a. Rødland, Haugland og Gaupås. Skyggestrand omfattar bl.a. Takvam, Songstad og Trengereid. Rødberg i Vaksdal er i praksis også orientert mot Arna av geografiske grunnar.

Ved Arnavågen ligg Arna kyrkje (bygd 1864), eit handlesenter (Øyrane Torg), jarnbanestasjon, bussterminal og småbåthamn. Arna stasjon er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1964 då den nye og kortare trasèen med Ulrikstunnelen og Arnanipatunnelen stod klar. Litt oppe i lia over vågen ligg gamle Arna stasjon, den no nedlagde Indre Arna barneskule, eit mindre og eldre butikksenter, sjukeheim, to barnehagar og Ådnatun, eit lokalhistorisk museum. To vidaregåande skular ligg på Garnes. Desse heiter Arna Yrkesskule og Garnes vidaregåande skule, den siste omfattar også tidlegare Arna Gymnas. Skulesenteret Garnes har ei lang historie tilbake til opprettinga av Garnes Folkehøiskole i 1887. Janusfabrikken og ein av Toro sine fabrikkar ligg i Indre Arna.

  1. http://www.grind.no/pdf/kvh-6-tema.pdf Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. Botolv Helleland i Kulturhistorisk vegbok for Hordaland

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne