Arne Sandnes | |||
Fødd | 15. februar 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Mor | Lilly Sandnes | ||
Verv | Ordførar i Norddal 2015- | ||
Føregangar | Bjørn Inge Ruset (Ap) | ||
Verv | Ordførar i Norddal 1999-2007 | ||
Føregangar | Gudmund Relling (V) | ||
Etterfylgjar | Bjørn Inge Ruset | ||
Verv | Ordførar i Norddal 1988-1993 | ||
Føregangar | Karl A. Døving (Sp) | ||
Etterfylgjar | Gudmund Relling (V) | ||
Alle verv |
Arne Sandnes (fødd 1947)[1] er ein norsk bonde og senterpartipolitikar frå Valldal på Sunnmøre. Han vart vald til ordførar i Norddal kommune i 2015. Han var også ordførar frå 1999 til 2007 (direkte val)[2][3] og i perioden 1988–1993.
Arne Sandnes er utdanna sivilagronom ved Norges landbrukshøgskole på Ås. Han har tidlegare vore bistandsarbeidar for NORAD og ambassadesekretær for bistandssaker i Zambia. Han har også vore dagleg leiar for Muritunet senter for rehabilitering.[4][5]