Atomkjerne

Ein atomkjerne er den sentrale delen av eit atom. Kjernen består av kjernepartiklar eller nukleon. Det er minst eitt positivt lada proton. I tillegg kan han innehalda nøytron. Diameteren av kjernen er liten i forhold til heile atomet, men massen er konsentrert her.

Talet på proton i kjernen er atomnummeret og avgjer kva grunnstoff det er. Talet på nøytron avgjer kva isotop det er. Stabile isotopar har ofte omtrent like mange proton og nøytron. I tyngre kjernar kan det vera fleire nøytron.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne