Audnedal kommune

Audnedal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vest-Agder
Adm.senter Konsmo
Areal 251 km²
 •  land 237 km²
 •  vatn 14 km²
Målform nøytral
Ordførar Reidun Bakken (KrF)
Kommunenr. 1027
Kart
Audnedal kommune
58°23′N 7°22′E / 58.38°N 7.37°E / 58.38; 7.37
Wikimedia Commons: Audnedal
Nettstad: www.audnedal.kommune.no

Audnedal er ein tidlegare norsk kommune i Vest-Agder fylke, sidan 2020 ein del av Lyngdal kommune. Innlandskommunen grensa til Aust-Agder fylke i nordaust. I nord grensa kommunen mot Åseral kommune, og i vest mot Hægebostad kommune. I sør var grensa mot Lyngdal og Lindesnes kommunar, og i aust mot Marnardal kommune.

I 1963 vart Konsmo og Grindheim kommunar og delar av Bjelland kommune slegne saman til Audnedal kommune. 1. januar 2020 blei Audnedal slått saman med Lyngdal til nye Lyngdal kommune.

Elva Audna byd på godt fiske etter laks og sjøaure. Riksveg 460 går i elvedalen. Sørlandsbanen kryssar kommunen og Audnedal stasjon er stoppestad for fjerntog. Vest for stasjonen går banen gjennom Hægebostadtunnelen som er mellom dei lengste jernbanetunnelane i Noreg.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne