Aukra kommune

Aukra kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Aukra
Areal 60,64 km²
 •  land 60,54 km²
 •  vatn 0,10 km²
Folketal 3 678  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Helge Kjøll jr. (KrF)
Kommunenr. 1547
Kart
Aukra kommune
62°48′18″N 6°53′14″E / 62.805°N 6.88722°E / 62.805; 6.88722
Wikimedia Commons: Aukra
Nettstad: www.aukra.kommune.no

Aukra er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Kommunen ligg ved kysten og grensar til Molde kommune i sør, Hustadvika kommune i aust og til øyane i tidlegare Sandøy, no Ålesund kommune i vest.

Det bor om lag 3500 menneske i kommunen. Størstedelen av desse bur på øya Gossa, medan om lag 600 bur på fastlandsdelen av Aukra, Julsundet.

Gossen har i den seinare tid opplevd ei stor industriell utbygging. Eit prosessanlegg for handsaming av naturgass ligg i Nyhamna på Gossa.[1] Terminalen tar imot rikgass frå Ormen Lange og Aasta Hansteen-felta og eksporterer tørrgass gjennom gassrøyrleidninga Langeled til Easington i England via Sleipner.[2]

Før gassen kom til Aukra, var dei største skatteinntektene der henta frå landbruk, fiskeindustri og skipsbygging.

Aukra kyrkje ligg på Gossa og er kyrkje for heile kommunen.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet nyhamna
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet lled

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne