Barokken

Barokken var ei retning innan europeisk kunst som gjorde seg gjeldande på 1600- og 1700-talet. Kunstretninga verdsette drama og detaljar, ornamentering og stas, og som gjorde seg gjeldande innan dei fleste kunstformene, som musikk, arkitektur, forfattar-, målar- og bilethoggjarkunst. Barokken tok til rundt 1600 i Roma, og spreidde han seg til resten av Europa med støtte frå den katolske kyrkja, som brukte stilen som eit ledd i sin motreformasjon. Barokkunsten i ulike land fann ulike lokale uttrykksmåtar.

Ein seier gjerne at barokken var ein reaksjon mot dei strenge prinsippa om harmoni og nøysemd frå renessansen. Han valde vekk fleirtydigheit og det mystiske, og søkte mot kjenslene heller enn mot intellektet slik manierismen hadde gjord. Kunsten frå denne tida er direkte, dramatisk og enkel.

Dramatisk barokkportrett måla av Adriaen van der Werff.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne