Bergen

Denne artikkelen handlar om byen i Noreg. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bergen (fleirtyding).
Bergen
by
Flagg
byvåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Areal 91,18 km²
Folketal 269 548  (2016)
Folketettleik 2 956 / km²
Ordførar Marit Warncke (H)
 •  Varaordførar Thomas Flesland (Sp)
 •  Byrådsleiar Christine B. Meyer (H)
Innbyggjarnamn bergensar
Preposisjon i Bergen
Kart
Bergen
60°23′33″N 5°19′24″E / 60.3925°N 5.3233333333333°E / 60.3925; 5.3233333333333
Wikimedia Commons: Bergen, Norway
Nettstad: www.bergen.kommune.no

Bergen er ein by og administrasjonssenter i Bergen kommune i Vestland fylke. Byen ligg på vestkysten av Noreg og er den største byen på Vestlandet. Bergen heitte opphavleg Bjørgvin, som tyder «den grønne enga mellom fjella». Han vart grunnlagd av Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299 då denne funksjonen vart flytta til Oslo, men var framleis største byen i landet til ut på 1830-talet.[1] Administrasjonen til Hordaland fylkeskommune låg i Bergen. Fram til 1972 var Bergen by eige fylke.

Bergen er ein by særprega av gamle trehus, fjordar og dei sju fjella. Byen er eit populært reisemål for både norske og utanlandske turistar. Bergen hamn er den hamna i Europa som har flest cruisebåtar innom årleg. Bergen har òg eit universitet som trekkjer studentar utanbys frå. Universitetet i Bergen har i dag rundt 17 000 studentar og 3 000 tilsette. Byen har fleire forskingsinstitutt som Havforskningsinstituttet, NIFES og Chr. Michelsens Institutt CMI. Her finst òg statlege etatar som Fiskeridirektoratet. Bergen lufthamn, Flesland er den internasjonale flyplassen som er knytt til byen.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet snlH

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne