Bil

Ein raud bil: Alfa Romeo 1300GT frå 1972.
Lastebil fylt til trengsel av sikh-pilgrimar.
Foto: John Hill

Ein bil er eit køyretøy med minst tre hjul utstyrt med eigen motor og vert nytta til å køyre på veg med, og ikkje skjener. Bilar er hovudsakleg laga av metall. Ordet bil kjem frå den eldre forma automobil, frå gresk auto og latin mobil som tyder sjølvgåande. Før ordet automobil kom i bruk vart landevegslokomotiv nytta.

Det finst ulike bilar for ulike føremål og utforminga varierer etter bruken. Kvar bil blir køyrt av ein sjåfør og har nesten alltid plass til ein eller fleire passasjerar. Personbilar er i dag den biltypen det finst flest av, men varebilar, lastebilar og bussar er like viktige i det moderne samfunnet. Andre typar er racerbilen, som hovudsakleg er utvikla med høgast mogleg fart som mål.

Dei fleste bilane køyrer på bensin eller diesel, men etter kvart har det vorte vanleg med bilar som vert drivne av elektrisk energi eller gass, eller ein kombinasjon av desse energikjeldene.

I Noreg var dei tre største bilmerka i 2003 Toyota, Volkswagen og Peugeot.[1]

  1. Bilindustri, Store Norske Leksikon.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne