Boknafjorden

Utsikt frå Bokn mot Boknafjorden.
Boknafjorden sett frå lufta.
Boknafjorden sett frå lufta med ferjene Arsvågen-Mortavika.

Boknafjorden er ein brei fjord som skjer Rogaland fylke halvvegs i to. I nord er han avgrensa av øyane Karmøy og Bokn og fastlandet, på sørsida ligg mellom anna Kvitsøy, Rennesøy og Finnøy. Boknafjorden deler seg sidan i ei rekke smale fjordar innover i Ryfylke.

Sjølve Boknafjorden er danna ved at berggrunnen har sokke ned, og er mest for ein havarm å rekne, ulikt det typiske for vestlandske fjordar som er at isbrear har grave seg ned i og utvida allereie danna sprekkar i fjellgrunnen. Dette gjer Boknafjorden ulik andre fjordar på Vestlandet, og han er open og vid med mange øyar. Lenger inne får han sidearmar som er smale og langstrekte.

I det store prosjektet om å få Rogaland ferjefritt, med hjelp av bruer over og tunnelar under vatnet, er tunnel under Boknafjorden ei viktig sak. Arbeidet med den planlagde tunnelen, kalla Rogfast, er på planleggingsstadiet og byggjestart var opphavleg rekna til 2012, men sidan prosjektet ikkje vart nemnd i Nasjonal Transportplan 2010-2019 må truleg byggjestarten utsettast til etter 2020.[1]

  1. «Null til lyntog, bybane og Rogfast». Stavanger Aftenblad. 15.01.2008. Henta 25. februar 2008. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne