Brekke

Brekke
stad
Brekke ved Risnefjorden
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Postnummer 5961 BREKKE
Preposisjon i Brekke
Kart
Brekke
61°01′12″N 5°27′41″E / 61.02°N 5.46139°E / 61.02; 5.46139
Wikimedia Commons: Brekke

Brekke er ei bygd i Gulen kommune i Vestland, og eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti. Brekke har tidlegare òg vore sjølvstendig kommune. Bygda ligg langt ute på vestsida av Risnefjorden, på sørsida av Sognefjorden, knappe fire mils køyring austom kommunesenteret Eivindvik, og 14 kilometer frå ferjestaden Oppedal på Europaveg 39. Brekke skule er barne- og ungdomsskule for Brekke skulekrins som dekkjer austlegaste delen av kommunen.[1] Bygda har òg daglegvarebutikk, kyrkje og eldresenter. Fiskeoppdrett er ein viktig næringsveg i området, mange har arbeidet sitt på fiskeslakteriet i Instefjord inst i Risnefjorden og på oppdrettsannlegga.

Brekke er òg eit delområde og ein grunnkrins i Gulen kommune. Delområdet femner den austre delen av kommunen og er deld inn i fire grunnkrinsar. Dei er frå aust til vest; Oppedal, Asheim, Brekke og Hjartholm. Ved folketeljinga i 2001 budde det til saman 344 personar i delområdet, fordelt på 61 i Oppedal krins, 54 i Asheim krins, 151 i Brekke krins og 78 i Hjartholm krins.[2]

  1. «Brekke skule» på nettstaden til Høgskulen i Sogn og Fjordane Arkivert 2007-10-17 ved Wayback Machine..
  2. SSB: «Folke- og boligtellingen 2001, kommune- og bydelshefter 1411 Gulen», s. 51

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne