Bremsnes kommune

Bremsnes er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke. Kommunen vart oppretta i 1897 då Kvernes kommune vart delt i fire (Eide, Kornstad, Kvernes og Bremsnes). Bremsnes hadde då 2 917 innbyggjarar og omfatta dei sentrale og nørdre delane av Averøya, den nordvestre delen av øya Frei og størstedelen av Nordlandet.

Bremsnes vart i 1964 delt i tre i samband med kommunesamanslåingar og opphøyrde som eigen kommune. Områda på Averøya og småøyane utanfor vart del av nye Averøy kommune, Nordlandet vart lagt til Kristiansund kommune og områda nordvest på øya Frei til Frei kommune. Bremsnes hadde 5 071 innbyggjarar ved denne inndelinga.

Bremsnes utgjer også eit sokn i Averøy kommune, som svarer til den delen av den tidlegare Bremsnes kommune som vart lagt til Averøy, om har omkring 3 850 innbyggjarar i 2015. Bremsnes kyrkje er ei krosskyrkje i tre frå 1771.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne