Burundi

Republika y'u Burundi
République du Burundi

(norsk: Burundi, burundisk)

Det burundiske flagget Det burundiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Burundi bwacu»
Motto
  • Ubumwe, Ibikorwa, Amajambere
  • Unité, Travail, Progrès
  • Union, Work, Progress

(Eining, arbeid, framsteg)

Geografisk plassering av Burundi
Offisielle språk Kirundi og fransk
Hovudstad Gitega (politisk), Bujumbura (økonomisk)
Styresett
Republikk
Évariste Ndayishimiye
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
27 830 km² (144.)
7,8 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
11 466 756 (83.)
412 /km² (20.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Belgia
1. juli 1962
Nasjonaldag 1. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
7 883 mill. USD (157.)
1 100 USD (192.)
Valuta Burundisk franc
Tidssone UTC +2
Telefonkode +257
Toppnivådomene .bi


Burundi er ein republikk i Aust-Afrika. Landet grensar til Rwanda i nord, Kongo i nordvest og Tanzania i aust. Landet har eit areal på like under 28 000 km², og eit anslått folketal på over 10 millionar. Den største byen er Bujumbura, medan hovudstaden er Gitega. Sjølv om landet er ein innlandsstat, ligg mykje av den sørvestre grensa langs Tanganyikasjøen.

Folkeslaga twa, tutsi og hutu har budd i landet sidan det blei oppretta for fem hundre år sidan. Burundi blei styrt som eit kongedøme av tutsiane i over to hundre år. Ved byrjinga av 1900-talet okkuperte Tyskland og Belgia regionen som kolonimakter, og Burundi blei saman med Rwanda ein europeisk koloni under namnet Ruanda-Urundi.

Regionen har opplevd mykje politisk uro, og konfliktar mellom hutuane og tutsiane førte til borgarkrig på midten av 1900-talet. I dag er Burundi styrt som ein representativ demokratisk republikk under ein president.

Burundi er eit av dei ti fattigaste landa i verda. Det har ein av dei lågaste BNI per innbyggar av alle land i verda.[1] Landet har eit lågt bruttoinnlandsprodukt, i stor grad på grunn av borgarkrig, dårlege utdanningsmoglegheiter og verknader av HIV/AIDS. Burundi er folkerikt og opplever stor utvandring. Kobolt og kopar er blant naturressursane i landet, og hovudeksportartiklane er kaffi og sukker.

  1. Eggers, E., Historical Dictionary of Burundi, s. xlix.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne