Cuzco

La Compañia, Plaza de Armas, er bygd på Armaru Cancha, palasset til Huayna Cápac. Armaru Cancha vakte stor undring blant spanjolane for sin venleik i arkitektur og material. Foto: Michael Reeve
Den vidkjente tolvkanta steinen. (Foto Håkan Svensson som har gjeve skildringa: Stenen återfinns på Calle Hatun Rumiyoc, andra kvarteret från stora torget, på höger sida. Bilden är tagen 2002. Stenen har senare delvis skadats genom vandalisering sommaren 2004 och även tidigare, genom färgbesprutning och slag med verktyg.)

Cuzco, på mange språk Cusco, er ein by i Huatanay-dalen i Andes i søraustlege Peru. Byen ligg om lag 3400 moh. og folkesetnaden er på ca 300 000. Namnet Cuzco (quechua Qosqo) tyder navle. Cuzco er også senteret for den største av dei sørlege quechuaspråka, cuscoquechua.

Cuzco var hovudstaden og kulturelt og religiøst sentrum i Inkariket. Soltemplet Coricancha var byggverket med størst politisk og religiøst verde. Etter segna var templet møtepunktet for dei fire områda av Tawantinsuyu.

Mange trur byen vart forma med eit omriss av ein puma kor forsvarsverket Sacsahuaman utgjorde hovudet. Etter inkarikets fall i 1533, då den spanske conquistadoren Francisco Pizarro erobra Cuzco, følgde ein snøgg ombygging av byen. Dei gamle palassa og templa vart rasert, og kyrkjer kom opp. Fleire bygg frå kolonitida er tufta på gamle bygg frå inkatida, til dømes vart kyrkja og klostret Santo Domingo bygd på det gamle soltemplet Coricancha. Det er endåtil frakta steinblokker ned frå Sacsahuaman til ombruk i kyrkjer.

Cuzco har i dag mykje turisme på grunn av dei mange som kjem for å vitje Sør-Amerikas mest besøkte turistmål Machu Picchu. Saman med Machu Picchu var han den første peruanske kulturminnet som blei sett på UNESCO si verdsarvliste allereie i 1983.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne