Den tyske riddarordenen

Mynt med riddarordenen sitt merke

Den tyske riddarordenen eller Den tyske ordenen (tysk Deutscher Orden, latin Ordo Teutonicus eller Ordo domus Sanctæ Mariæ Theutonicorum) var den eine av tre store riddarordenar som vart til under krosstoga. Dei to andre er Johannittar- eller Maltesarordenen og Tempelriddarordenen. Dei tyske riddarane gjorde at tysk kultur vart spreidd i så stort omfang i Aust-Europa.

Den tyske riddarordenen vart grunnlagd i 1189-1190[1] av kjøpmenn frå Bremen og Lübeck under det tredje krosstoget. Dei heldt først til i Acre i det som nå er Israel.

Etter krosstoget søkte ordenen nye oppgåver, og baud seg fram som religiøse leigetroppar til kristne rike som kjempa mot heidningar i Aust-Europa. Dette skjedde i Burzenland i Transylvania, og i Kulmerland mot det baltiske prøyssarfolket. Som betaling for å erobra Preussen fekk dei tyske riddarane retten til å styra desse områda.

Den tyske ordenen herska seinare over mange område rundt Austersjøen, kalla Ordenstaat. Den største rivalen deira var Polen-Litauen, som slo dei i det avgjerande slaget ved Tannenberg (slaget ved Grunwald) i 1410 .

  1. Tyske orden. Store norske leksikon. Vitja 27. august 2020

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne