Ecuador

República del Ecuador

(norsk: Ecuador, ecuadoriansk)

Det ecuadorianske flagget Det ecuadorianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Salve, Oh Patria»
Motto spansk:La Paz y el Bienestar, la Gloria y el Triunfo
Geografisk plassering av Ecuador
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Quito
Styresett
Republikk
Daniel Noboa
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
283 561 km² (73.)
8,8 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
16 290 913 (67.)
57,5 /km² (122.)
Sjølvstende
 - Dato
Frå Spania
24. mai 1822
Nasjonaldag 10. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
181 800 mill. USD (64.)
11 600 USD (103.)
Valuta Amerikansk dollar2
Tidssone UTC -5 og UTC -6 (Galapagos)
Telefonkode +593
Toppnivådomene .ec

1Inkluderer Galapagos.
2Sucre fram til 2000.

Ecuador er eit land ved ekvator, nordvest i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia og Peru og har kystline mot Stillehavet. Ecuador er eit av dei minste landa på dette kontinentet, det åttande største målt i flatevidd. Samanlikna med europeiske land er Ecuador litt mindre enn til dømes Italia. Folkesetnaden i landet er prega av etnisk mangfald med ca. 65 % mestisar og ca. 25 % urfolk (CIA faktabok [1] Arkivert 2005-11-12 ved Wayback Machine.). Urfolket er ei samling av mange ulike grupper av indianarfolk kor majoriteten snakkar ulike dialektar quechua. Spansk er offisielt språk i landet. Økonomien i landet er påverka av fluktuasjonar i råoljepris. På siste halvdelen av 1990-talet var landet prega av politiske og økonomiske kriser. Etter at inflasjonen nådde 60 % i 1999 innførte styresmakta amerikanske dollar som offisiell valuta frå mars 2000. Frå då av blei også økonomien stabilisert. Geografisk og klimatisk er landet tredelt i ei varm kystsone, eit mildt høgland og ein våt og varm regnskog. Petroleum, fisk, tømmer og vasskraft er viktige naturressursar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne