Eidsvoll kommune

Eidsvoll kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Eidsvoll/Sundet
Areal 457 km²
 •  land 392 km²
 •  vatn 65 km²
Folketal 27 916  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Nina Kristengård (H)
Kommunenr. 3240
Kart
Eidsvoll kommune
60°20′51″N 11°15′03″E / 60.3475°N 11.250833°E / 60.3475; 11.250833
Wikimedia Commons: Eidsvoll
Nettstad: www.eidsvoll.kommune.no

Eidsvoll er ein kommuneRomerike i Akershus fylke. Kommunen ligg kring sørenden av innsjøen Mjøsa og øvre del av elva Vorma som renn ut av Mjøsa. I nord og aust grensar kommunen til Innlandet fylke, med grense til kommunane Østre Toten og Stange i nord, til Nord-Odal i aust, til Nes i søraust, til Ullensaker i sør, og til Nannestad og Hurdal i vest. Desse grensene stammer frå 1964, då kommunane Eidsvoll og Feiring vart slege saman. Frå grensa mot Ullensaker i sør til Stange i nord er det om lag 35 kilometer.

Ein liten del av sentrum i Eidsvoll, tettstaden Sundet, fotografert over elva Vorma. Jarnbanestasjonen ligg på motsett sida av elva i høve til Sundet.

Kommuneadministrasjonen held til i tettstaden Sundet på austsida av elva Vorma, medan Eidsvoll kyrkje og Eidsvoll jarnbanestasjon ligg på vestsida av elva.

Politisk vert Eidsvoll kommune styrt etter «hovudutvalsmodellen», som går ut på at den løpande styringa går føre seg ved hjelp av politiske hovudutval for dei ulike saksområda. Hovudutvala gjer vedtak i medhald av fullmakt, eller gjev råd til formannskap og kommunestyre om korleis dei bør stille seg i saker av meir overordna karakter.

Det er hovudutval for:

  • skule- og barnehageetaten
  • helse- og sosialetaten
  • teknisk etat
  • kultur- og næringsetaten
  • administrasjonsutvalet, som er eit internt orientert utval

Eidsvoll kommune høyrer inn under Romerike politidistrikt, Øvre Romerike tingrett, som held til på Eidsvoll, og Eidsivating lagmannsrett, som held til på Hamar. Kyrkjesokna i Den norske kyrkja i kommunen er Eidsvoll, Langset og Feiring, som ligg under Eidsvoll prestegjeld i Øvre Romerike prosti i Borg bispedømme.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne