Elektrisk energi

Elektrisk energi er energi lagra i eit elektrisk felt, eller overført i form av eit elektromagnetisk felt, anten som radiobølgjer eller ein eller annan form for kabel (eller i mikrobølgjeområdet bølgjeleiarar) som lokaliserer det elektromagnetiske feltet til området rundt leiarane. For trådlaus overføring av elektrisk energi nyttar ein ei sende- og ei mottakarantenne, men på grunn av at dimensjonane på antenna må vera av same storleiksorden som bølgjelengda til dei elektromagnetiske bølgjene nyttar ein alltid kabel for låge frekvensar. Dei elektromagnetiske bølgjene som overfører energien i elnettet til dømes har ein frekvens på 50 Hz, tilsvarande ei bølgjelengd på 6000 km (avstanden frå Longyearbyen til Aswan i Egypt), så ein nyttar alltid kabel. Når avstanden mellom leiarane er liten i høve til bølgjelengda er det mest praktisk å nytta elektrisk straum og spenning i utrekningar, men for å finna energien overført av ei radiobølgje lyt ein nytta dei elektriske- og magnetiske felta E og H.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne