Eresfjord og Vistdal

Eresfjord og Vistdal kommune er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal, som i dag er del av Nesset kommune. Bygdene Eresfjord og Vistdal ligg ved Langfjorden og Eresfjorden i Romsdal. Fylkesveg 660 går gjennom begge bygdene.

Kommunen blei oppretta 1. januar 1890 då Nesset kommune blei delt i to. Kommunen hadde ved etableringa 2155 innbyggjarar.[1]

1. januar 1964 blei Eresfjord og Vistdal kommune igjen slått saman med Nesset kommune. Eresfjord og Vistdal hadde ved samanslåinga 1289 innbyggjarar.[1]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne