Farge

Denne artikkelen handlar om farge i fysisk forstand. For farger i ein kortstokk, sjå Farger i kortstokken.

Farge, let eller lett er namnet gjeve åt menneske si sansing og oppfatning av skilnader i bølgjelengdene åt synleg ljos, det vil seia elektromagnetisk stråling innom bølgjelengdsområdet 380-740 nanometer.

Kvar farge kan definerast i fysikken som eit bestemt bølgjelengdeområde, sjølv om det finst små og store forskjellar i kvart menneske si oppfatning. Tabellen til venstre viser bølgjelengdeområda som farger hovudsakleg er knytte til i Vesten.

Farge Bølgjelengder Frekvensar
raudt ~ 625–740 nm ~ 480–405 THz
oransje ~ 590–625 nm| ~ 510–480 THz
gult ~ 565–590 nm ~ 530–510 THz
grønt ~ 520–565 nm ~ 580–530 THz
blått ~ 445–520 nm ~ 675–580 THz
indigo ~ 425–445 nm ~ 700–675 THz
fiolett ~ 380–425 nm ~ 790–700 THz

Definisjonane av kvart område er basert på farger som menneske knyter til ein ljosstraum der alle bølgjer har bølgjelengder i det området. Farger me ser i ljoskjelder kjem frå lengdene åt ljosbølgjer dei strålar. Alle andre objekt får farger frå lengdene åt ljosbølgjene dei reflekterer. Eit raudt objekt, til dømes, absorberer alle bølgjelengdene i synleg ljos bortsett frå dei som er i raudområdet. Eit objekt som absorberer alle bølgjelengder vert oppfatta som svart, medan eit objekt som reflekterer alle bølgjelengder med spreiing vert oppfatta som kvitt. Ein spegel reflekterer alle bølgjelengder utan å spreia dei, og menneske oppfattar han difor ikkje som farga.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne