Flora kommune

Flora kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Florø
Areal 692 km²
 •  land 647 km²
 •  vatn 45 km²
Målform nynorsk
Ordførar Ola Teigen (Ap)
Kommunenr. 1401
Kart
Flora kommune
61°36′00″N 5°02′00″E / 61.6°N 5.0333333333333°E / 61.6; 5.0333333333333
Wikimedia Commons: Flora, Norway
Nettstad: www.flora.kommune.no

Flora er ein tidlegare norsk bykommune i Sogn og Fjordane fylke. Han omfatta fleire øyar, halvøyar og fjordar som Eikefjorden og Norddalsfjorden. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Vågsøy til Kinn kommune.

Florø, som var administrasjonssenter i kommunen, er òg den vestlegaste byen i Noreg. «Havet sitt sølv», silda, var lenge hovudnæringa for Flora og Florø, og ein finn igjen fisken i kommunevåpenet.

Kommunen har eit aktivt og variert kulturliv med kulturskule og musikk-, kor- og revymiljø. Kinnaspelet vert framført kvart år på sagaøya Kinn. Sildebord og rockefestival er andre trivelege aktivitetar å få med seg. I tillegg har Flora idrettshall, symjehall, fotballbanar, løkker og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar.

Helleristingane i Ausevika og Kystmuseet i Sogn og Fjordane gjev eit historisk perspektiv. Flora er fleire gonger kåra til den trivelegaste bykommunen i landet, og fekk utdelt Miljøbyprisen i 1998.

Næringslivet i kommunen er eksportretta, og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustrien og servicenæring. Innbyggjarane i kommunen skapar verdiar som ligg fleire gonger over landsgjennomsnittet.

Flyplassen Florø lufthamn ligg i kommunen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne