Folden

Folden var frå 1837 til 1887 eit herad i Nordland, oppretta som Folden formannskapsdistrikt i 1837. 1. januar 1887 vart heradet delt i Sørfold og Nordfold-Kjerringøy herad. Folden herad hadde ved delinga 3 293 innbyggarar.

Namnet kjem frå eit opphavleg fjordnamn, «Fold». Folda er no ytterdelen av fjorden som delar seg i armane Sørfold og Nordfold.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne