Fossilt vatn

Fossilt vatn eller fossilt grunnvatn er vatn som er danna under andre klimatiske tilhøve enn no og oppbevart uforstyrra, til dømes som grunnvatn.[1] Dei blir ikkje fornya slik klimaet er no. Fossilt vatn er difor ein ikkje-fornybar ressurs.

I tillegg til å liggja som grunnvatn i akviferar kan ein finna fossilt vatn i djupe innsjøar der vasslaga ikkje blandar seg, i subglasiale innsjøar og kanskje på andre lekamar i verdsrommet enn jorda.

Under Sahara og i Midtvesten i USA er det store førekomstar av fossilt grunnvatn, Den nubiske sandsteinakviferen og Ogallala-akviferen. Begge stader blir vatnet nytta til irrigasjon.

  1. «Non-renewable groundwater resources: a guidebook on socially-sustainable management for water-policy makers; 2006». unesco.org. Henta 16. desember 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne