Frekvens

Fig. 1 Ulike kurveformer.
1. Sinuskurve
2. Firkantkurve
3. Triangulær kurve
4. Sagtannkurve.

Frekvens er eit mål på kor mange gongar per tidseining ei periodisk hending vert gjenteken. Som oftast meiner ein temporal frekvens, men ikkje alltid. Det kan til dømes vera talet på regndropar per sekund, talet på bilar per time, talet på periodar i ei bølgje per sekund, og så vidare. Ei slik bølgje kan like gjerne vera ei firkantbølgje, trekantbølgje og så vidare, som ei sinusbølgje, som illustrert i Fig. 1. Eit typisk døme på ei (tilnærma) firkantkurve er klokkesignalet i ein mikroprosessor. Frekvens spelar ein sentral rolle innan fysikk, signalhandsaming, telekommunikasjon, akustikk, elektronikk og så bortetter.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne