Fylkesveg 52 i Troms

Sjå òg fylkesveg 52 (fleirtyding).

Fylkesveg 52 i Troms går mellom Sjursnes og Skarmunken i Tromsø kommune. Vegen er 8,7 km lang og har grusdekke. Sommaren 2006 vart fylkesveg 52 kåra til den dårlegaste i Noreg av ei avstemming i Dagbladet.[1][2][3]

Vegen tar av frå Fv51 og går nordover langs vestsida av Sørfjorden, indre del av Ullsfjorden. Han passerer grendene Indre og Ytre Lavangen, Bergenes, Reiervik og Musnes, før han når enden i bygda Skarmunken, like nord for Storstraumen, som skil Sørfjorden og den ytre delen av Ullsfjorden.

  1. «Stem fram Norges verste vei», Dagbladet, 8. august 2006
  2. «Vi har landets verste veier», NRK Troms og Finnmark, 22. august 2006
  3. «Veien regner bort på Sjursnes», Nordlys, 18. juli 2006

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne