Gol stavkyrkje

Gol stavkyrkje
kyrkje
Type langkyrkje
Teknikk stavverk
Material tre
Takryttar rekonstruert 1880-åra
Portal vestportalen stort sett opphavleg, sørportalen rekonstruert
Kor noko smalare enn skipet, apsidal
Skip rektangulært
Altar altarbord, måla nattverdscene på veggplankane i apsidal 1652
Kart
Gol stavkyrkje
59°54′29″N 10°41′00″E / 59.90800671379°N 10.683345794678°E / 59.90800671379; 10.683345794678
Wikimedia Commons: Gol stavkirke

Gol stavkyrkje er ei stavkyrkje frå Gol i Buskerud frå rundt 1200 som no står på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Kyrkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsliten og fullstappa at kyrkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkyrkja skulle rivast, men vart redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fekk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore før reformasjonen.

Kyrkja har sidan 1884 vore eigedommen til den regjerande monarken i Noreg, men folkemuseet held ho ved like. Det er laga fire kopiar av henne, to i Noreg og to i USA.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne