Grip

Utsikt mot Grip.
Foto: Frode Inge Helland, 1967
Gateparti frå Grip.
Foto: Frode Inge Helland, 1967
Grip is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Grip

Grip er eit lite fiskevær rett nord for Kristiansund og vestanfor Smøla og TustnaNordmøre. Grip vart oppretta som eigen kommune i 1897, men vart i 1964 innlemma i Kristiansund kommune. Grip var den minste kommunen i landet etter folketal. Ved samanslåinga var det 104 menneske som budde på Grip.[1] Dei siste fastbuande flytte frå øya i 1974. No er det ingen fastbuande på øya, men ho er mykje brukt som ferieplass om sumaren.

Grip er mellom anna kjend for sitt historiske minnesmerke Grip kyrkje — ei stavkyrkje som vart bygd ein gong på 1400-talet. Her er òg eit fyrtårn som vart bygt i 1888.

  1. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne