Hammerfest kommune

Hammerfest kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Hammerfest
Areal 2 693 km²
 •  land 2 566 km²
 •  vatn 127 km²
Folketal 11 338  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Terje Rogde (H)
Kommunenr. 5603
Kart
Hammerfest kommune
70°39′48″N 23°40′40″E / 70.663330555556°N 23.677780555556°E / 70.663330555556; 23.677780555556
Wikimedia Commons: Hammerfest
Nettstad: www.hammerfest.kommune.no

Hammerfest (nordsamisk Hámmerfeastta suohkan, kvensk Hammerfesti komuuni) er ein kyst- og øykommune på vestkysten av Finnmark fylke. Kommunen omfattar øyane Kvaløya, Seiland og Sørøya og Porsangerhalvøya på fastlandet. Han grensar til Måsøy kommune i nordaust, Porsanger i aust, Alta i sør og Hasvik i vest. Byen Hammerfest ligg på Kvaløya, som er forbunde med bru til fastlandet. Hammerfest er ein av verdas nordlegaste byar, på 70°40' nordleg breidde. Andre tettstadar i kommunen er mellom anna Kvalsund, Rypefjord, Forsøl, Akkarfjord, Hønseby, Hellefjord, Kårhamn, Skarvfjordhamn og Sandøybotn.

Sjølv om han ligg langt nord for polarsirkelen, har byen ei isfri hamn. Hammerfest har tradisjonelt vore eit senter for fiskeri, handel, kommunikasjonar og offentlege tenester i Vest-Finnmark. I dag er byen også sterkt prega av utbygginga av Snøhvitfeltet, sidan gassen frå feltet skal førast i land og skipast ut i ein LNG-terminal på Melkøya utanfor byen. I 2005 kom Hammerfest på UNESCO si verdsarvliste med det nordlegaste målepunktet i Struves meridianboge.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne