Hampshire

Hampshire
grevskap
Land  England
Region Sør-England
Areal 3 769 km²
Folketal 1 720 600  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Kart
Hampshire
51°03′27″N 1°18′27″W / 51.0575°N 1.3075°W / 51.0575; -1.3075
Wikimedia Commons: Hampshire

Hampshire (tidlegare stundom kalla Southamptonshire,[1] Hamptonshire,[2] eller County of Southampton[3]) er eit grevskap på sørkysten av England. Grevskapet grensar til Dorset, Wiltshire, Berkshire, Surrey og West Sussex. Det har eit areal på 3769 km² og strekkjer seg på det lengste 90 km frå aust til vest og 65 km frå nord til sør. Administrasjonsbyen er Winchester og det har kring 1,7 millionar innbyggjarar. Det seremonielle grevskapet består av elleve distrikt i det administrative grevskapet i tillegg til dei sameinte styresmaktene Southampton og Portsmouth. Dei to byene vart sjølvstyrte i 1997 og har kring 1,6 millionar innbyggjarar. Christchurch og Bournemouth, som tidlegare låg i grevskapet, vart ein del av Dorset i 1974.

Hampshire er eit populært ferieområde med turistattraksjonar som dei mange kystbyane, området rundt Portsmouth og motormuseumet i Beaulieu. Nasjonalparkane New Forest og South Downs ligg i grevskapet. Hampshire har ei lang sjøfartshistorie og to av dei største hamnebyane i England, Portsmouth og Southampton, ligg ved kysten. Grevskapet er kjend som heimstad til forfattarane Jane Austen og Charles Dickens og ingeniøren Isambard Kingdom Brunel.

  1. Grant, Russell (1989). The Real Counties of Britain. Oxford: Lennard Publishing. s. 61. ISBN 1-85291-071-2. 
  2. Cox, Thomas (1738). Magna Britannia, Antiqua et Nova, A Survey of England, wherein to Camden's Topographical Account is added a more large History of Cities, Towns, Boroughs, Parishes and Places. 
  3. Encyclopædia Britannica, 1911. «Hampshire».

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne