Harstad kommune

Harstad kommune
Hársttáid suohkan
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Harstad
Areal 446 km²
 •  land 429 km²
 •  vatn 17 km²
Folketal 25 056  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Kari-Anne Opsal (Ap)
Kommunenr. 5503
Kart
Harstad kommune
68°47′56″N 16°32′21″E / 68.79878°N 16.53927°E / 68.79878; 16.53927
Wikimedia Commons: Harstad
Nettstad: www.harstad.kommune.no

Harstad, på nordsamisk Hárstták,[1] er ein kommune i Troms fylke. Han er etter folketal den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.

Hurtigruteskipet MS «Kong Harald» til kai i Harstad.

Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.

  1. Fastsetting av samisk navn på Harstad kommune, Troms. Vitja 8. september 2018.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne