Haugalandet

Haugalandet frå lufta.

Haugalandet er eit distrikt nord i Rogaland (og sør i Hordaland). Det er ikkje eit historisk landskap som mange andre norske distrikt, men eit funksjonelt omgrep som har vorte etablert på 1900-talet som nemning på den relativt unge byen Haugesund og opplandet.

Haugalandet omfattar stort sett Haugesundshalvøya og nærliggande øyer, men nokon eintydig definisjon av kvar grensene går finst ikkje. Rogalandskommunane Haugesund, Karmøy, Utsira, Tysvær, Bokn og Vindafjord vert alltid medrekna. Desse kommunane (unnateke gamle Ølen kommune som vart innlema i Vindafjord i 2006) utgjorde tidlegare den nordvestre delen av Ryfylke, men vert i dag sjeldan rekna dit.

Ølen var ein del av Sunnhordland i grannfylket Hordaland. Dit høyrer framleis Etne og Sveio kommunar, særleg i historisk forstand, men dei vert i mange samanhengar òg rekna til Haugalandet, der dei naturlegare høyrer heime når det gjeld f.eks pendling og handel. Også Suldal og Sauda, vert rekna til Haugalandet i enkelte samanhengar, men er ellers framleis ein del av Ryfylke.

Haugaland domssokn femnar om alle ovan nemnde kommunar, unnateke Sveio.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne