Historie

Historie, eller historiefaget, er studiet av fortida, hovudsakleg menneska si fortid, både basert på skriftlege kjelder, andre kjelder og leivningar. Sjølv om skriftlege kjelder står sentralt vert òg tida før skriftlege kjelder til ein viss grad omfatta av historiefaget. Denne perioden, utan skriftlege kjelder, vert kalla forhistorie. Også innafor språkhistoria blir det operert med eit tilsvarande skilje, for språkistorie med og utan skriftlege kjelder.

Ein ofte sitert definisjon av emneområdet til historieforskinga er at det omhandlar «sosialt relevant menneskeleg åtferd og slike ikkje-menneskelege tilhøve som er relevant for menneskeleg åtferd.»[1] Merk at Dahl her ikkje legg vekt på fortid dvs. på tidsdimensjonen, noko som opnar for å sjå også samtidshistorie som fag, med dei utfordringane dei har for avgrensingar mot samfunnsvitskapane.

Ordet historie kjem frå gresk ἱστορία (historia), som er avleidd frå urindoeuropeisk *wid-tor-, frå rotordet *weid-, «å vita», «å sjå».[2] Dette rotordet er òg til steda i dei norske orda vita, visdom. Ordet historie er fleirtydig i norsk: Det kan tyde både forteljing ("no skal eg fortelje ei historie"), det vitskaplege studiet av fortida (og som ei forlenging av dette: fortida sjølv). Tvitydigheita har røter i det førvitskaplege opphavet til faget.

Sidan objektet som historikarane studerer (fortida) ikkje lenger eksisterer, må fortida bli rekonstruert ved å studera leivningar etterlatne frå fortida, historiske kjelder. For å vurdera kjeldene er ekte, relevant, representative og pålitande nyttar historikarane den kjeldekritiske metoden. Sjølv om historikarane nyttar metodar frå ei rekkje andre samfunnsvitskaplege, humanistiske og naturvitskaplege fag for å oppnå ei meir grunnleggjande forståing av fortida, er kjeldekritikken enno grunnlaget for å skilja mellom kva som er historievitskap og kva som berre er historieforteljingar.

Nemninga historikar vert frå gammalt av brukt om personar som skriv historie. Etterkvart har det skjett ei akademisering av faget, slik at omgrepet tildels har fått ei meir avgrensa tyding. Det kan òg brukast om personar som er utdanna i universitetsfaget historie (med minst eksamen av høgare grad).

  1. Dahl, Ottar (1980): Grunntrekk i historieforskningens metodelære, ISBN 9788200032175
  2. Joseph, Brian; Janda, Richard, red. (2004): The Handbook of Historical Linguistics, Blackwell Publishing, s.163, ISBN 978-1405127479

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne