Hosanger kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Svein Harkestad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Osterøy | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Åsane | ||
Sokn | Hosanger | ||
Fellesråd | Osterøy | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Mura | ||
Innvigd | 1796[1] | ||
• Endringar | 1863–1865: forlenga mot vest 1962–64: restaurert og påbygd sakresti | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Døypefont | Frå mellomalderen, i kleberstein | ||
![]() Hosanger kyrkje 60°34′39″N 5°28′29″E / 60.5774°N 5.4747°E | |||
Wikimedia Commons: Hosanger kirke |
Hosanger kyrkje står i Hosanger i Osterøy kommune i Vestland fylke, og er ei mura langkyrkje frå 1796.
Det har vore kyrkje i Hosanger sidan mellomalderen. Fyrste gongen Hosanger-kyrkja er nemnd i kjeldene er frå 1329. Dette var mest truleg ei stavkyrkje som på eit ukjent tidspunkt vart erstatta av ei lafta kyrkje. Om den andre kyrkja veit ein at ho ein rapport frå 1686 vert omtala som «meget Brøstfeldig» på grunn av dårleg utvendig vedlikehald, noko som tyder på at kyrkja då allereie var relativt gamal. På fyrste joledag 1795 slo lynet ned i kyrkja og ho brann ned. Den nye kyrkja vart reist i mur på same staden året etter.
Kyrkja er soknekyrkje i Hosanger sokn i Åsane prosti. Hosanger var tidlegare eige prestegjeld. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Osterøy prestegjeld.