Humor

«The professional humorists' club». Vitseteikning frå 1914 av Rea Irvin som viser ein klubb av nedtrykte humoristar.

Humor er noko som verker komisk, det vil seie får nokon til å le eller smila. Ein kan sjå humoren i situasjonar, forteljingar, lyd- og synsinntrykk og liknande, og med dette hevda å ha ein humoristisk sans. Kva ein finn humoristisk varierer mellom personar, kulturar og tradisjonar. Humor kan brukast som underhaldning, til å skapa samhald innan ei gruppe, til å auka lukkekjensla eller hanskast med vanskelege opplevingar, men det kan også brukast til mobbing og utestenging.

Ordet «humor» er i slekt med «humør», og stammar frå det latinske for væske. Det er knytt til den gamle greske og mellomalderske teorien om humoralpatologi som sa at sinnsstemningar kunne sporast til væskebalansar i kroppen. Ein person som driv med humor kan kalla seg humorist, komikar eller klovn.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne