Iliaden

Stridsscenar frå den ambrosiske Iliaden, ei illustrert handskrift frå 400-talet e.Kr.

Iliaden (gresk Ιλιάς, Iliás) er eit epos som plar verte halde for å vere den eldste bevarte teksten på gresk, og med det også den eldste europeiske litteraturen. Iliaden tek for seg ein del av historia om kringssetjinga av byen Ilion (Troja), det vil seie trojanarkrigen. Iliaden er saman med Odysséen dei to store diktverka som vert tilskrive den ioniske diktaren Homer. Om Homer eigentleg har levd og om han verkeleg er opphavsmannen til desse verka er omdiskutert, men det er truleg at begge diktverka kjem frå ein lang tradisjon av muntleg poesi. Iliaden og Odysséen vert tradisjonelt datert til 700-talet f.Kr., men somme forskarar meiner at dei er seinare.

I alle høve skildrar Iliaden ei bronsealder-verd, noko som høver godt med tida Troja vart lagt i røys, om lag 1200 f. Kr.

Iliaden er forfatta på daktylisk heksameter og omfattar cirka 16 000 vers som av vert delt inn i 24 songar.

Ordet Iliad tyder «høyrer til Ilion». Ilion er namnet på sjølve byen, medan Troja (gresk: Τροία) er staten rundt Ilion, som Priamos herska over. Ilion og Troja vert ofte brukt om einannan utan noko skilje i tyding.

Iliaden vart omsett til nynorsk i 1951 for Det norske samlaget ved Eirik Vandvik. Med dette fullførte han det verket Arne Garborg hadde byrja med Odysséen mange år før. Denne omsetjinga braut opp nokre av dei bolkane som vart rekna som vidtfemnande, og desse avsnitta vart lagt til tillegga bakarst i boka. Dette gjeld særskild den kjende skipskatalogen, som tek for seg alle hærhovdingane og skipa deira.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne