Inkariket

Machu Picchu (quechua Machu Piqchu) er kalla den tapte byen til inkaene.
Ekspansjon av territoriet.

Inkariket er ein tidlegare stat i Sør-Amerika som eksisterte frå 1438 til 1533. På quechua heiter inkariket Tawantinsuyu, «riket med fire hjørne/regionar». Hovudstaden var Cuzco, «verdas navle», og låg der dei fire delane av riket møttest. Territoriet ekspanderte fram til 1525 og strekte seg då over det meste av dagens Peru og Ecuador, med unntak av dei austlege, lågtliggande områda, Chile sør forbi Santiago og områda av Bolivia og Argentina som ligg i Andes. Kan hende var Tawantinsuyu større enn samtidige Ming-Kina og Det osmanske riket. Quechua var offisielt språk i forvaltinga av staten.

Teknologiske og kulturelle særdrag for inkariket er klart ulike dei i Europa på same tid. Berre mjuke metall var kjent, jern var ikkje i bruk i inkariket. Til hjelp for transport hadde ein lama som klauvdyr og eit godt vegnett. Vegane var dei beste nokon gong bygd før oppfinninga av bilen. Men vogn eller hjul var ikkje i bruk og det fanst heller ikkje trekkdyr eller ridedyr motsvarande hest. Skriftspråk i europeisk forstand var ikkje kjent, sjølv om quipu (som enno ikkje er fullt tydd) vart nytta for numerisk informasjon. Eit anna trekk ved samfunnet i inkariket var at ein ikkje brukte marknadsplassar og heller ikkje hadde pengesystem med myntar.

Dei teknologiske føresetnadene, saman med resultata som vart skapt innan arkitektur, bygg og organisering av samfunn, kan ha medverka til at det er skapt mykje mystisisme rundt inkariket. Alle dei uløyste spørsmåla kring inkariket som Machu Picchu-gåta, spørsmålet om korleis dei rådde med dei enorme steinane i bygging av Sacsahuaman, dei «virtuelle linjene» frå Coricancha og ein kan her ta med nazcalinjene forma av nazcakulturen mange hundre år før inkatida, alt er faktorar som kan ha gjeve liv til mystisismen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne