Innlandet fylke

Innlandet fylke
fylke
Fylkeslogo
Land  Noreg
Del av Austlandet
Adm.senter Hamar
Areal 52 072,4 km²
 •  land 49 395,9 km²
 •  vatn 2 676,5 km²
Folketal 376 304  (1. januar 2024)
Folketettleik 8 / km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Knut Storberget
Fylkesordførar Thomas Breen (Ap)
Fylkesnummer 34
Kart
Innlandet fylke
61°30′00″N 10°40′00″E / 61.5°N 10.666666666667°E / 61.5; 10.666666666667
Wikimedia Commons: Innlandet
Nettstad: innlandetfylke.no

Innlandet er eit fylke i Noreg som blei danna 1. januar 2020. Det består av dei tidlegare fylka Hedmark og Oppland bortsett frå kommunane Jevnaker og Lunner, som blei overførte til Viken fylke.[1] Innlandet grensar til Trøndelag fylke i nord, Møre og Romsdal i nordvest, Vestland fylke i vest og Viken i sør. Dessutan har det grense til Sverige i aust.

Området dekkjer nær 17 prosent[2] av fastlandsarealet i Noreg, og spennar frå Osloregionen i sør til Trøndelag i nord. Mot vest er regionen avgrensa av Jotunheimen og fjellområda i Valdres, og i aust av svenskegrensa.

Den største innsjøen i Noreg, Mjøsa, ligg sentralt plassert midt i Innlandet. Rundt Mjøsa ligg byane Brumunddal, Gjøvik, Moelv, Hamar og Lillehammer, som også er kjende som Mjøsbyane og Mjøsbyregionen.

I tillegg til den største innsjøen i Noreg husar Innlandet også det høgaste fjellet i Noreg, Galdhøpiggen, og den lengste elva, Glomma.

  1. Jan Ivar Bøe (2. mai 2019). «Lunner, Jevnaker og Svelvik kommuner overføres til Viken». viken2020.no. 
  2. «Næringslivet i Innlandet». www.nho.no (på norsk). Arkivert frå originalen 14. mars 2017. Henta 13. mars 2017. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne