Is

Denne artikkelen handlar om frose vatn. For matretten, sjå matretten is.
Ei naturleg isblokk på 4 tonn på ei strand på Island.
Snøfnugg fotografert av Wilson Bentley i 1902.

Is er eit mineral av oksidklassen, som er fellesnemnaren for dei 14 kjende faste fasane av vatn. I ein ikkje-vitskapleg kontekst, blir derimot «is» brukt om forma Ih, som er den mest vanlege av desse fasane i jorda sin biosfære. Denne istypen er ein mjuk og skjør krystall som kan sjå gjennomsiktig ut eller ha ein matt blåkvit farge, avhengig av kor rein lufta er. Har ein andre stoff som jord blanda inn i isen, kan den sjå annleis ut. Den mest vanlege faseovergangen til Ih er når vatn blir avkjølt til under 0° C ved standard atmosfæretrykk. Vatn kan også fortette seg frå vassdamp utan å gå om den flytande fasen, slik som ved rimfrost. Is kan oppstå i mange forskjellige former slik som hagl, isbitar og isbrear, og spelar ei viktig rolle i mange meteorologiske fenomen. Iskappene over polarområda er viktige for det globale klimaet og særleg i vassyklusen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne