Isfjorden i Rauma

Denne artikkelen handlar om bygda i Rauma. For andre tydingar av ordet, sjå Isfjorden.
Isfjorden
tettstad
Isfjorden
Foto: per
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Rauma
Areal 1,15 km²
Folketal 1 351  (2023)
Folketettleik 1 175 / km²
Postnummer 6320 ISFJORDEN
Kart
Isfjorden
62°34′40″N 7°47′43″E / 62.57777778°N 7.79527778°E / 62.57777778; 7.79527778
Wikimedia Commons: Isfjorden (village)
Hen kyrkje ligg i Isfjorden

Isfjorden er ei bygd og ein tettstad i Rauma i Møre og Romsdal. Tettstaden har 1 351 innbyggjarar per 1. januar 2023. Senteret i bygda ligg på Hen, rundt 6 km aust for Åndalsnes. Bygda ligg inst ved den om lag seks kilometer lange Isfjorden, og strekker seg austover, omtrent ei mil innover Grøvdalen og Dalsbygda. Nokre andre grender er Liabygda, Engan, Stein, Tokle, Hatlen, Kavli, Melbø og Moa. Isfjorden er kjent som «konfeksjonsindustriens vogge» i Noreg.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne