Jotunheimen

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jotunheimen (fleirtyding).
Besseggen mellom Bessvatn (t.v.) og Gjende.
Utsyn frå Besseggen mellom Gjende (t.v.) og Bessvatn.
Veotindane
Mellom Glittertinden og Galdhøpiggen.
Utsyn frå Galdhøpiggen.
Kyrkja frå aust
Tverrbytthornet (t.v.) og Midtre Tverrbottindan frå aust
Urdadalen

Jotunheimen er eit fjellmassiv som ligg sentralt i Sør-Noreg mellom Ottadalen i nord, Gudbrandsdalen i aust, Valdres i sør og Sogn i vest. I området ligg dei høgste fjella i Nord-Europa, Galdhøpiggen og Glittertind. Dei atten andre høgste toppane i Fastlands-Noreg ligg i Jotunheimen, med Vestre Tverråtind på 2309 moh. som den «lågaste» av desse. Totalt har området over 80 toppar på over 2000 meter. Jotunheimen er eit populært turområde, og har eit godt utbygd hyttenett og mange merkte stiar. Den mest populære ruta i Jotunheimen er turen over Besseggen, som går mellom Gjende og Bessvatnet.

Det er ingen skarpe grenser for det eigentlege Jotunheimen. Til vanleg reknar ein med dei øvre delane av Heimdalen, Sikkilsdalen og Sjodalen i aust og fjelltraktene mellom Sognefjellet og Fortundalen/Middalen i vest til Jotunheimen. Grensa er noko fastare mot sør og sørvest, der fjellsjøane Vinstri, Bygdin og Tyin, og fylkesveg 53 Tyin–Øvre Årdal og vegen Øvre Årdal–Turtagrø dannar grensene. I nordvest vert Jotunheimen avgrensa av Bøverdalen, i nord av Ottavatn/Vågåvatn og i nordaust av Tessa og Sjodalen. I alt omfattar Jotunheimen etter denne avgrensinga eit område på om lag 3500 km2.

Jotunheimen omfattar delar av kommunane Lom, Vågå, Vang og Øystre Slidre i Oppland fylke, og Årdal og Luster i Sogn og Fjordane fylke. Nokre mindre område av kommunane Skjåk og Nord-Fron er også rekna med til den overnemnde avgrensinga.

I 1980 vart Jotunheimen nasjonalpark på 1151 km2 oppretta. Nasjonalparken omfattar dei sentrale delane av Jotunheimen og Hurrungane med alle dei høgste partia.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne