Kjeller

For rom under terrengnivå, sjå kjellar.

Kjeller er ein tettbygd stad i Lillestrøm kommune i Akershus. Han ligg utanfor byen Lillestrøm, og er ein del av den større tettstaden Oslo.[1] På Kjeller ligg Kjeller flyplass der både luftforsvaret og fleire flyklubbar held til. I tillegg ligg jordskjelvstasjonen der.

Like ved Kjeller ligg ein alpinbakke der fleire av Noregs best kjente utøvarar utvikla seg på barne- og ungdomsstadiet.

I kort avstand frå Kjeller ligg òg Åråsen stadion, heimebane for fotballklubben Lillestrøm.

  1. Statistisk sentralbyrås tabell over tettstader i Noreg per 1. januar 2009, arkivert frå originalen 18. september 2009, henta 1. oktober 2011 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne