Kommunar i Danmark

Kart over Danmark med kommunegrensene innteikna.

Kommunar i Danmark er dei 98 administrative og folkevalde forvaltningane på lågaste nivå i Danmark, som har hand om primære velferdstenester som grunnskule, barnehage, primærhelse og sosiale oppgåver. Kommunane fungerer som «indgangen til det offentlige» for danske borgarar, kor ein skal vende seg til kommunale Borgerservicekontorer om alle offentlege tenester, også regionale eller statlege.[1]

Kommunane i Danmark er også utgangspunkt for organisering av krinsinndelinga for politi, rettskrinsane, valkrinsane, og kyrkjelege prosti. Etter region- og kommunalreforma i 2007 fekk dei nye, større kommunane overført ein god del oppgåver frå dei tidlegare 13 danske amta og frå staten.

Mens det kommunale skattøret er på retur i Noreg, har danskane auka skatteinntektene til kommunane. Skatteytarane betalar kommuneskatt (sidan 1970), kommunal sosialskatt (sundhedsbidrag, 2007-2018), og betalte 1970-2006 også skatt til amta. Det kommunale skattøret er stigande, og trekkprosenten til kommuneskatt har auka frå 16 % i 1970 til 32,5 % i 2001, rett nok med innføring av minstefrådrag og personfrådrag som lettar byrda for den enkelte. Den samla inntekta av kommuneskattane i Danmark er større enn inntekta av statsskattane.[2]

  1. Borgerservicekontor
  2. Skatteministeriets inntektsoversikt for skatt, arkivert frå originalen 27. mars 2008, henta 27. februar 2012 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne