Kommunar i Finland

Finske kommunar i 2009.
Landskap i Finland i 2010.

Kommunar i Finland (svensk kommun, finsk kunta) er dei 311 kommuneeiningane Finland er delt inn i (per 2018). Dei er styrt av ei folkevald forsamling, kommunestyret (sv. kommunfullmäktige, fi. kunnanvaltuusto). Kommunane har ansvaret for basistenester for innbyggarane. Ein kommune kan kalle seg by (finska: kaupunki) om den vurderer å oppfylle dei krav som blir stilt til eit bysamfunn.

Kommunane har etter lova ansvaret for visse utdanningar, sosial- og helsestelltenester, tekniske tenester (t.d. vatn og avløp) og miljøtenester. Mange tenester blir gitt i samarbeid med andre kommunar i samkommunar, til eksempel sjukehus, mange læreanstaltar og yrkeshøgskolar. Dei kommunale beslutningstakarane blir valde kvart fjerde år i eigne kommunevalet.

Kommunestyret delegerer myndigheit i den daglege drifta av kommunen til eit slags formannskap (sv. kommunstyrelsen, fi. kunnanhallitus) som leiar verksemda i kommunen. I kvar kommune er det tilsett ein kommunedirektør (sv. kommundirektör, fi. kunnanjohtaja) som har ansvaret for den daglege drifta av kommunen. I byane kommunedirektøren blir kalla stadsdirektör (fi. kaupunginjohtaja). Finlands Kommunförbund[1] handsamer aktuelle spørsmål rundt kommunane sine oppgåver. Kommunane sine arbeidsformer er regulerte i Finlands kommunelov.[2]

Einspråklege kommunar tilbyr tenestene på det lokale språket, finsk eller svensk. I visse fall, såsom det som gjeld grunnskolen, skal kommuneinnbyggarane likevel bli tilbydd tenesta på deira eige morsmål. Tospråklege kommunar må tilby tenestene, skilting og visse dokument på begge språk. Språklova gjeld berre finsk og svensk, men i samanes heimbygdsområde skal kommunane på tilsvarande måte gi tenestene òg på samisk.

Kvar kommune ligg i eit av landet sine 19 landskap, og kvart landskap har sitt landskapsforbund (sv. landskapsförbund, fi. maakuntaliitto) som fungerer som ein samkommune. Kvart landskap er vidare delt inn i økonomiske regionar der kommunane samarbeider i ulik grad.

Dei styrande organa i landskapsforbunda blir ikkje valde ved direkte val.

  1. Kommunförbundet, Ingångssida
  2. Finlands kommunallag 17.3.1995/365

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne