Kommunar i Noreg

Kommunane i Noreg fungerer som ei administrativ og folkevald styrt politisk eining med ansvar for å gjennomføre visse lovpålagte funksjonar, som til dømes skular, vegstell, ivartetakinga av eldre og hjelpetrengande, brannstell, renovasjon og anna, innanfor eit definert geografisk område.

I Noreg er det to typar kommunar med ulike oppgåver og funksjonar. Den eine typen er kommunen eller primærkommunen, som det er fleire av innanfor kvart fylke; sjå tabellen nedanfor. Den andre typen er fylkeskommunen. Kvar fylkeskommune dekkjer kvart sitt heile fylke, unnateke Oslo, og har namn etter fylket. Av di Oslo er fylke og kommune i eitt, er Oslo ikkje organisert som fylkeskommune, berre som kommune (primærkommune). Vala av dei skal sitje i kommunestyra i kommunane og av dei som skal sitje i fylkestinga i fylkeskommunane går føre seg samstundes, men som to sjølvstendige val, kvart fjerde år.

Kommunane er uavhengige forvaltingsorgan og sjølvstendige rettssubjekt etter kommunelova. Det kommunale sjølvstyret er avgrensa av særskilde lovheimlar. Dei som bur i kommunen må betale skatt og avgifter til kommunen for drifta av han og ivaretaking av dei oppgåvene som ligg til kommunen. Men kommunane er òg avhengig av økonomiske løyvingar frå staten.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne